| Apr | MAY | Jun |
| 14 | ||
| 2012 | 2013 | 2014 |
COLLECTED BY
Collection: Wide Crawl started April 2013
Avram Noam Chomsky, (fødd 7. desember 1928) er ein amerikansk professor i lingvistikk kjend for nyskapande språkteoriar. Chomsky er tilsett ved Massachusetts Institute of Technology og skapar av chomskyhierarkiet, ei klassifisering av formelle språk. Chomsky sitt arbeid innanfor generativ lingvistikk bidrog sterkt til behaviorismen sin nedgang og leidde til fremjinga av kognitive vitskapar. I boka Syntatic Structures introduserte han teorien om at delar av den menneskelege grammatikken er nedarva i hjernen. Teoriane hans har hatt stor innverknad, sjølv om fleire forskarar ikkje er samde i dei.
Ved sida av arbeidet innom språkvitskap er Chomsky mest kjend for sine venstreradikale synspunkt, og kritikk mot USA sin utanrikspolitikk. Han skildrar seg sjølv som libertær sosialist og tilhengar av anarkosyndikalisme. Chomsky var aktiv sionist på 1940-talet, men han var motstandar av opprettinga av staten Israeli1948.
Innhaldsliste |
Noam Chomsky var fødd i ein jødisk familie i PhiladelphiaiPennsylvania. Far hans var forskar i hebraisk og fødd i Russland. I 1945 byrja Noam studium i filosofioglingvistikk på University of Pennsylvania der han identifiserte seg politisk med lingvistikkprofessoren Zellig Harris. Politisk aktiv vart han i samband med Vietnamkrigen.
Mest kjent for allmenta er truleg Noam Chomsky sin kritikk av USA sin utanrikspolitikk og korleis media fungerer. I ei bok han skreiv saman med Edward S Herman Manufacturing Consent -- The Political Economy of the Mass Media skildrar han fem filter for å sile fram godkjend informasjon i kapitalistiske system. Etter sleppet av boka 9-11 om åtaket mot World Trade Center 2001 fekk han for alvor plass i det amerikanske mediebruset.
Innanfor lingvistikken er Chomsky mest kjend som leiargestalt innanfor minimalismen, den chomskyanske retninga innanfor generativ grammatikk. Dei mest varig aksepterte bidraga hans til lingvistisk teori er frå formell lingvistikkogautomatteori, særleg klassifiseringa av ulike typar formelle grammatikkar i det såkalla Chomskyhierarkiet.
Commons har multimedia som gjeld: Noam Chomsky
Det ligg ein komplett bibliografi på Chomskys MIT-heimeside [1].
Somme av desse bøkene er tilgjengelege online på engelsk [2].